– Fleire skular burde hatt skulehage

Berre ti kommunar i Noreg seier dei har skular med sin eigen skulehage der elevane kan dyrka mat til skulekjøkkenet.

Rustad skole i Oslo kommune er ein av dei heldige som har sin eigen skulehage.

– Den grøne fargen gjer meg glad, seier Fredrik og kikar ut over skulehagen. – Det er godt å kome hit og høyre vinden.

Skulehagen hjelper elevane å bli kjent med naturen. Gjennom leik og læring får dei kunnskap om alt frå næringsrik mat, økologisk, kortreist, jordvern og rettferdig berekraft.

Må luke og passe på: Sebastian Kärtstedt (10), Aliza Butt (10) og Amelia Asar Chadnry (11) ser til at plantene har det fint.

Gøy å sjå plantene vekse

  1. trinn har sine eigne bedd, og ein kan sjå at små, grøne stilkar veks opp frå molda.

– Vi dyrkar forskjellige ting. Klassa mi har planta grønkål, seier Amelia.

– Nokre dyrkar poteter, sukkererter, graskar og andre ting, seier Sebastian.

– I fjor når vi planta graskar, var det nokon som fekk squash, seier Amelia.

Lærer på ein annan måte

Å flytte klasserommet ut er noko alle synest er ekstra moro.

– Eg synest det er gøy å plante, og sjå plantene vekse, seier Sebastian.

– Når ein får dyrke sin eigen mat lærer ein på ein annan måte om plantane og alt som hører med, fortel Victor.

Smakar ekstra godt

Skulehagen skal vere med på å auke interessa for mat og naturen. Når ein får vere med heilt frå starten set ein ekstra pris på maten.

– Når pappa lagar lefser, og eg får vere med å hjelpe han, smakar det ekstra godt. Slik er det med maten vi dyrkar også. Det er kjekt å vere med å hjelpe til i skulehagen for då smakar det ekstra godt, seier Fredrik.

Ser fram til innhaustinga

Etter sommarferien skal dei hauste inn alt dei har sådd. Det ser dei fram til.

– Alle på skulen får ete det vi har dyrka. Då lagar vi mat på skulekjøkkenet, fortel Sebastian.

– Burde fleire skular fått dette tilbodet?

– Fleire skular burde hatt skulehage, for det er fint å kome seg ut i naturen, seier Aliza.

– Ja, og så får kanskje nokon lyst til å prøve å dyrke sin eigen mat heime også, seier Amelia.

Har skulen din skulehage?

Har skulen din skulehage?

Ja19
Nei22
Ikkje på skulen, men utanfor4
Veit ikkje3
Kunne tenkt meg5
Svar totalt: 53
– Eg synest det er gøy å plante, og sjå plantene vekse, seier Sebastian Kärtstedt (10). Saman med Aliza Butt (10) og Amelia Asar Chadnry (11).

Dette er dei ti kommunane som har skulehage:

  • Tingvoll
  • Grimstad
  • Seljord
  • Gloppen
  • Stavanger
  • Bergen kommune
  • Høylandet
  • Fredrikstad
  • Oslo kommune
  • Aurskog-Høland

Alle kommunane er spurt, og 200 kommunar har svart på undersøkinga til Framtida.no.

Plantene må ha vatn: Victor Arstad Dalbakk (10), Fredrik Halland (10) og Darian (11) steller med plantene.