Framtidajunior Nyhende Bergen kommune erklærer klimakrise
Frå skulestreiken i Bergen. Foto: Natur og ungdom / Flickr / CC BY-ND 2.0

Bergen kommune erklærer klimakrise

– Arter døyr ut, brear smeltar, havet stig og blir surare, menneske blir drivne på flukt. Alt dette er menneskeskapt og kan løysast med politisk handling, seier Bystyrerepresentant Øystein Bønes.

Bergen kommune har vedtatt å erklære klimakrise. Samtidig lovar kommunen å forplikte seg til ein klimastrategi, melder NTB/NPK. Kommunen seier i ei fråsegn at dei i lys av klimakrisa vil gå føre som ein berekraftig og klimasmart kommune.

– Bergen kommune forpliktar seg til å følgje opp grøn strategi på ein slik måte at kommunen tar delen sin for å halde den globale oppvarminga under 1,5 grader, seier dei i fråsegna.

Ei krise som hastar

Bystyrerepresentant Øystein Bønes (MDG) er fornøgd med erklæringa.

– Etter fleire månader med prat om bompengekrise er det godt å sjå at politikarane i Bergen er kloke nok til å vite kva for kriser som faktisk hastar, seier han.

Frå før av har både Bodø kommune og Trøndelag fylke erklært klimakrise. Fleire andre kommunar og fylke skal ta stilling til spørsmålet denne månaden.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR