Ylva (13) spelar uteteater i all slags vêr

Denne sommaren spelar Ylva teater i ei gamal kalkgruve frå middelalderen. Gruva er bygd om til ein utescene der teateret “I slik ei natt” har premiere 7. juni.

Fakta om Olav Haraldsson
  • Var Noregs konge frå 1015 til 1028.
  • Døydde 29. juli 1030 på Stiklestad og vart gravlagt i Nidaros.
  • Han blei erklært som helgen av biskop Grimkjell 3. august ca. 1031.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er knallfint her. Teatermiljøet på Bømlo er fantastisk. Alt som har skjedd her på Moster fascinerer meg. Historia om kristninga av Noreg, dei gamle kongane, og det å vera her i gruva. Det er veldig kult å få jobbe med teater i Moster Amfi, seier Ylva Våge Bjørklund.

TEATER- Alle har lyst å gå på teater, det er så utruleg kjekt, seier Ylva. Foto: Privat.

På scena står ho saman med omlag 80 skodespelarar. 15 av desse er barn mellom 6 og 13 år. Dette er ikkje fyrste gong Ylva er med i teater på Bømlo.

– Dette er det tredje året mitt i “I slik ei natt”

Tidlegare har ho også mellom anna vore med i “Peter Pan” og musikalen “Evita”.

Spennande historie

“I slik ei natt” handlar om vikingkongen Olav Haraldsson, både før, medan og etter at han presenterte kristenretten på Mostratinget i 1024. Kristenretten er det same som kyrkja sine lovar.

Historia i framsyninga startar på Moster i år 1030. Det er natt og storm. I hamna ligg ein framand båt. I kyrkja vert klokka skoren laus og tek til å ringje. Folket på Moster strøymer til. Ylva speler Ingrid, den eldste av ungane. Ingrid er ei jente som tek mykje ansvar, spesielt for dei andre ungane i flokken.

DRAKAMP: Her kjempar Håkon Hoff Gilje, Noah R. Andersen, Even Waage Rolfsnes, Brage Brynjarsson Espeland, Max Brynjarsson Espeland, Håvard Gilje Kausrud, Benjamin Ekeberg, Ylva Våge Bjørklund, Emma Hoff Gilje, Lea Olava Marsteen, Elle Martine Marsteen, Erika Harrison og Amalie Vespestad Aga om å dra kvarandre over ende. Foto: Bømlo Teater

I spelet går ein tilbake i tid og me får høyre kva som skjedde før og rundt denne hendinga der det ukjende skipet legg til kai. Vi får sjå det unge kongsemnet, etterkomar etter Harald Hårfagre, gjennom dei opplevingane som endrar han frå ein nådelaus viking og drapsmann til den kristne legenda seinare kjent som Olav Digre, Heilag Olav og Rex perpetuus Norvegiae, Noregs evige konge. Handlinga føregår på Moster, i England, i Frankrike, ombord på skipa, i Cádiz og på kongsgarden i Borg.

Skodespelar i all slags vêr

Scena i Moster Amfi er omringa av ei bratt fjellside, tribunar, berg og open himmel. Ylva likar å spele teater i all slags vêr. I piskande regn eller med solstråler mot ansiktet. Viss det regnar kan ho og dei andre skodespelarane tørke seg inne i dei gamle gruvegongane i fjellet bak scena.

– Det er knallkjekt å vera ute! Det er noko heilt anna enn å spele teater inne. Du får sjå det verkelege lyset her, seier ho.

Teaterlivet er gøy

I øvingsperioden har Ylva og dei 14 andre ungane, som er med i stykket, fått bli med på å komme med innspel på kva dei sjølv skal seie på scena.

– Vi som er ungar snakkar veldig naturleg. Vi har jo sjølvsagt ting vi må få sagt, men vi får lov å vera ungar, slik ungar skal vera, seier Ylva som bruker mykje fritid på teater.

På Bømlo er teatermiljøet stort, og mange har lyst å vera med i Kulturskulen si teatergruppe. I 6. klasse fekk Ylva plass, så no er ho der ein gong i veka gjennom heile året

– Alle har lyst å gå på teater, det er så utruleg kjekt, seier ho.