– Pingvinar kan også bytte kjærast

Journalisten frå Framtida Junior blei fridd til i Akvariet i Bergen. Frieriet kom frå Flydis – ein pingvin på jakt etter ny kjærast.

FAKTA om bøylepingvinar:

Latinsk namn: Pygoscelis papua.

Status: Nær truga.

Trusler: Global oppvarming, overfiske og øydeleggjing av område dei lev i.

Fiendar: Leopardsel, sjøløver og spekkhoggarar. På land er einaste trugsel, i vaksen alder, oss menneske.

Diett: Krill, fisk og blekksprut.

Storleik: Bøylepingvinar er den tredje største av alle pingvinar og kan vege frå 5,5 til 8,5 kilo. Dei er raskast av alle pingvinar, både på land og i vatn. Dei kan faktisk svømme i 36 km/t.

Kvar lever dei: Lev i sub-arktiske og arktiske strøk, frå isete strender i Antarktis, til graskledde enger i Sør-Amerika. Det er flest bøylepingvinar på Falklandsøyene, i Sør Georgia, og på Kerenguelen-øyene. Du finn dei på andre øyar også, mellom anna norske Dronning Mauds Land.

(Kjelde: Akvariet)

LES FAKTALUKK FAKTA

I naturen blir vanlegvis ikkje bøylepingvinar eldre enn 15-20 år, men vi er så heldige å ha to pingvinar som fyller 32 år i 2019, fortel dyrepassar Elise Andersen (25) når ho presenterer dyra for alle gjestene i Akvariet.

Etter presentasjonen får Framtida Junior bli med inn i innhegninga. Vi klatrar opp på berget det pingvinane vaggar rundt.

FRIERI: – Gutane leitar etter den finaste steinen dei kan finne, og gir den til jenta dei likar best. Så bukkar dei, og viss begge bukkar, er dei eit par, fortel Elise. Her ser vi PingFloyd, Pingnocchio og Fløydis. Foto: Janne Nerheim

Kan slå hardt

Pass på, ikkje gjer brå bevegelsar eller ta på pingvinane. Då kan dei faktisk slå veldig hardt med vengja, seier dyrepassar Elise.

Journalisten står på toppen av eit berg då ein pingvin nærmar seg, stiller seg opp føre beina hennar, og bukkar.

– No frir pingvinen til deg, ler dyrepassar-Elise.

På denne tida leitar nemleg dei single pingvinane etter ein partner.

– Gutane leitar etter den finaste steinen dei kan finne, og gir den til jenta dei likar best. Så bukkar dei, og viss begge bukkar, er dei eit par, fortel Elise.

Journalisten bukkar ikkje tilbake, så pingvinen vaggar videre.

Babypingvinar

Når pingvinane har funne ein kjærast, legg dei egg. Det skjer på våren. Kvart par legg vanlegvis to egg, der begge deltek i ruging og mating av kyllingen.

Vi får som regel kyllingar kvart år, og det er fantastisk å sjå omsorgen begge foreldra viser egg og kyllingar, seier Elise.

LEITAR ETTER EIN KJÆRAST: Her ser vi Fløydis, Pingnocchio og PingFloyd. Fløydis leitar etter ein ny kjærast. Foto: Janne Nerheim

Mange trur at pingvinar er saman med kjærasten for all framtid. Elise fortel at pingvinar er som oss menneske. Dei kan skille seg, spesielt viss ein av pingvinane ikkje er ein god forelder.

Kule namn

Alle pingvinane på Akvariet får spesielle namn. Av og til lagar Akvariet ein konkurranse der besøkjande kan kome med forslag.

Pingvinane som vaggar rundt på berget no heiter mellom anna Erik Pingleklepp, Pingrid Aleksandra, og Erna.

Eit av dei mest trufaste para vi har er Pondus og Herman Piele

Pondus og Herman Piele er to gutar som er eit par, noko som ikkje er uvanleg i naturen. – – Viss nokon påstår at homofili ikkje er naturleg, kan dei berre sjå på naturen. Det er veldig vanleg blant mange dyreartar, seier Elise.

Pondus og Herman Piele har vore steforeldre fleire gongar, og utført jobben heilt perfekt.