Tanzania forbyr plastposar

Tanzania innfører eit av verdas strengaste forbod mot plastposar frå 1. juni i år. På flyplassane vil all bagasje bli sjekka for plastposar.

Forbudet gjeld alle typar plastposar, både dei som er laga av tjukk plast, og dei som er laga av tynn plast, skriv NRK.

Regjeringa i landet har bestemt at det skal bli eit forbod for å få mindre plastsøppel. I afrikanske land er det nemleg eit svært dårleg system for å handtere plast. Difor vert mykje av plasten brent. Å brenne plast er svært skadeleg for helsa, og mange menneske vert sjuke av dette.

PÅ TUR: Kilimanjaro er det høgaste fjellet i Afrika. No må turistar som skal bestige fjellet pakke bagasjen sin utan plastposar. Foto: Pixabay

I fleire andre land som tidlegere har laga forbod, har det kun vore snakk om dei tynne plastposane. Ikkje dei av tjukk plast som er vanlege i Noreg.

Ikkje forbod i Noreg

I Noreg innførte handelsnæringa sjølv ei avgift på plastposer i fjor. Ei avgift tyder at vi betaler 50 øre meir pr. plastpose. Desse pengane skal Handelsens Miljøfond nytte til å få ned bruken av plastposar, og til å rydde opp i plastforsøpling.