Uprisen gjekk til Michael Stilson med romanen «Bare spille ball»

I vinnarboka har fotball ein sentral plass. Men historia kunne like gjerne vore frå eit heilt anna miljø.

Michael Stilson er tidlegare fotballspelar, og har skrive si fyrste bok som har fått den gjeve prisen.

– Dette var over all forventning. For meg er dette heilt enormt. Eg er veldig glad for at folk som ikkje likar fotball, også har likt å lese denne boka. Takk til alle de som har lese ho, sa ein tydeleg rørt vinnar då han tok imot prisen.

Sidan januar har sju juryklasser lese og diskutert dei fem bøkene som var nominert til Uprisen. Torsdag 23. mai fekk Michael Stilson vinnar med boka «Bare spill ball».

Dei nominerte var:
Sabotør av John S. Jamtli, Cappelen Damm
Slepp meg av Kathrine Nedrejord, Aschehoug
Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland, Samlaget
Til ungdommen av Linn Skåber. Illustrert av Lisa Aisato, Pitch
Bare spille ball av Michael Stilson, Cappelen Damm