Snill eller slem?

Live har skrive ein tekst som er ein av vinnarane i skrivekonkurransen Tid-for-ti. Live har skildra ei episode med to utfall.

Slem

Eg går sakte heimover. Mange andre frå klassa spring forbi meg. Plutseleg kjenner eg eit dytt i ryggen. Eg fell og treffer bakken hardt.

Ops… sorry du blokkerte vegen! seier Mari. Dei andre fniser bak henne.

Eg reiser meg irritert opp og ser at eg blør.

Det er ikkje feilen min at du bruker heile vegen og vi har ein buss å rekke, seier Mari og dultar borti meg når ho, Ine og Anne går forbi.

Eg tørkar vekk blodet med votten og joggar fort.

Kor har du tenkt deg! roper Mari sint bak meg.

Eg stoppar heilt opp og snur meg. Kva meiner du? seier eg lågt

Vi rakk ikkje bussen sidan du blokkerte heile vegen! roper ho hissig.

Eg berre ser på henne. Så snur eg meg og går. Plutseleg riv ho meg i hetta.

Du skal ta sekkane våre og bere dei opp til huset mitt! seier ho og kastar sekkane på meg.

Eg seier ikkje noko, berre tar opp sekkane og byrjar å gå til huset til Mari.

Etter to timar kjem eg heim. Det luktar graut i heile huset.

Hallo! høyrer eg mamma rope.

Eg går inn til spisestua der mamma dekker på bordet.

Kvifor er du så sein? spør ho

Eg måtte gå ein liten omveg, svarar eg lågt

Kvifor det? spør ho

Veit ikkje, svarar eg kjapt. Er det mat no?

Ja berre forsyn deg! seier Mamma og skal til å setje seg. -Nei, men Oda! Kvifor heng du ikkje opp jakka eller vottane etter deg? Du veit at dei ikkje blir tørr av ligge på golvet! seier ho irritert og går får å henge opp kleda i gangen.

Oda? Kvifor er det blod på votten din? Slo du deg?

Ehh.. Eg fall på ein måte! svarar eg

Mamma kjem inn i stua.

Jaja, har du hatt ein bra dag på skulen då?

Nei! svarer eg

Snill

Eg går sakte heimover. Mange andre frå klassa spring forbi meg. Plutselig kjenner eg eit dytt i ryggen. Eg fell og treffer bakken hardt.

Oi, herregud gjekk det bra? roper Mari og hjelper meg opp.

Eg ser at eg blør.

Unnskyld går det bra? Vi skulle springe til bussen og så var eg så stressa at eg sprang inni deg, seier ho og smiler eit lite smil.

Å, der gjekk bussen! seier Ina og Anne

Jaja! Det viktigaste er at det går bra med Oda! seier Mari. Her, eg har eit papir du kan tørke bort blodet med.

Takk! svarar eg. Eg tar papiret og byrjar å gå heimover

Hei! Ikkje gå, skal vi ikkje finne på noko saman? Vi kan godt gå heim til meg! seier Mari

Eg snur meg og ser Mari, Ine og Anne smile.

Etter to timar kjem eg heim. Det luktar graut i heile huset.

Hallo! høyrer eg mamma rope.

Eg går inn i spisestua der mamma dekker på bordet.

Kvifor er du så sein? spør ho

Eg besøkte nokre venner! svarer eg og smiler

Å, kven då? spør mamma

Mari, Ine og Anne, svarar eg Er det mat no?

Ja! Berre forsyn deg! seier mamma og skal til å setje seg. – Nei, men Oda! Kvifor heng du ikkje opp jakka eller vottane etter deg? Du veit at dei ikkje blir tørre av å ligge på golvet! seier ho småirritert og går får å henge dei opp.

Oda? Kvifor er det eit papir med blod her? Slo du deg?

Ja, på ein måte, men Mari hjelpte meg! svarar eg og smiler

Mamma kjem inn i stua.

Jaja, har du hatt ein bra dag på skulen?

Ja! svarar eg