Prinsesse Märtha Louise har funne kjærleiken på nytt

Den nye kjærasten heiter Durek Verrett.

Ho var tidlegare gift med forfattaren og kunstnaren Ari Behn.

Saman har dei døtrene Maud Angelica, Emma Tallulah og Leah Isadora.

Den nye kjærasten til prinsesse Märtha Louise kjem frå USA. Han er sjaman.

Ein sjaman er ein person som hevdar han kommuniserer eller snakkar med åndeverda og med sjela.

Ein sjaman jobbar også med å gjere folk friske. Både fysisk og psykisk.