Kva skulle vi gjort utan dekning på mobilen?

Vi tenkjer ikkje så mykje på ingeniørane som heile tida sørgjer for at vi har reint vatn i springen, straum i stikkontakten, at mobilen har dekning, og at søppelet blir henta. Kva skulle vi gjort utan dei?

Sivilingeniør Torgeir Bryge Ødegården har skrive bok om infrastrukturen knytt til heimen. Foto: Fotogjengen Studentersamfundet i Trondhjem

Saka stod på trykk i ei lengre utgåve på Framtida.no

Infrastruktur heiter det på fint, det dei steller med, og akkurat desse oppgåvene – vatn og avløp, elektrisitet, renovasjon og trådlaus kommunikasjon – er dei som vi nyt godt av i hus og heim.

– Dette er kanskje blant dei viktigaste oppgåvene, for dei vedgår folk flest direkte. Eg ønskjer å få folk til å tenkje litt over det. Kva ville dei ha gjort om ikkje all denne infrastrukturen var på plass? seier sivilingeniør, tidlegare ungdomsskulelærar og forfattar Torgeir Bryge Ødegården.

Skrive bok

Ødegården har skrive boka «Norsk infrastruktur», som handlar om nettopp desse fire funksjonane og historia, fysikken, logistikken og teknologien bak dei.

Enklare no enn tidlegare

Vi som lever i dag, har ein enklare kvardag enn før, men vi er samtidig alle med på å forbruke meir enn det miljø og klima kan tole på sikt. Ødegården håper derfor han kan bidra til å gjere folk litt meir medvitne infrastrukturbrukarar ved å kaste mindre søppel, ta vare på vatnet og ikkje sløse med energien.