FN-panel: Ein million artar kan bli utrydda

Tap av natur og øydelagt miljø er ein like stor trugsel som klimaendringar, ifølgje FN sitt naturpanel. Denne veka er representantar frå 130 land samla i Paris for å gå gjennom rapporten panelet jobbar med.

Det er nyhendebyrået AFP som har lese rapporten. Den er ikkje publisert endå, så ingen andre veit kva som står der, skriv Forskning.no.

I rapporten står det at jorda står i fare for å miste mellom ein halv og ein million artar. Forskarane veit ikkje sikkert kor mange artar vi har i verda i dag, men dei trur det er litt under ni millionar.

1000 forskarar

Det internasjonale naturpanelet (IPBES) blei oppretta i 2012 for å undersøke tap av artar og andre miljøproblem. Dette kjem i tillegg til arbeidet FN sitt klimapanel gjer.

130 land er medlemmar i IPBES og cirka tusen forskarar frå heile verda deltek i arbeidet med å lage rapporten.

Rapporten blir tilgjengeleg for alle 6. mai.