Kvifor ser blodet blått ut gjennom lys hud?

Kor mykje blod har du? Kva skjer når du pustar inn og ut? Og er du kongeleg viss blodet ser blått ut gjennom huda? Her får du fakta om blodet ditt!

Blodomlaupet, også kalla krinslaupet, er eit system i kroppen som alle organ og celler er avhengig av. Det består av hjarte og blodårer. Ein vaksen person har om lag fem liter blod som hjarta pumper rundt i kroppen, skriv Kidsnews.com.

Kva gjer blodet raudt?

Blodet er raudt fordi det inneheld jern. Jern er eit mineral som er veldig viktig for kroppen vår. I dyr og menneske har jern nemleg jobben med å levere oksygen rundt i kroppen.

Vi pustar inn luft i lungene for å få oksygen frå lufta. I lungene vert oksygenet fanga opp i blodet. Så startar jobben med å frakte det rundt til alle organ og celler i krinslaupet.

Lys og mørk farge

Når blodet er fullt av oksygen, og på veg rundt i kroppen din, er det lyseraudt. Når det er ferdig med å levere oksygen, tek det med seg karbondioksid tilbake til lungene for å puste ut. Karbondioksid er eit stoff du ikkje treng. På veg ut er blodet mørkare i raudfargen.

Viss du ser på handleddet til ein person med bleik hud, ser du blodet bevege seg i blodårene. Då ser blodet blått ut. Dette er noko vi kallar “optisk illusjon”, som er noko som ikkje er slik det ser ut til.

Kvifor ser vi blå farge?

Kvifor er det slik? Når lys, som sollys, treff huda, kan ikkje blått lys gå så langt inn i huda som raudt lys. Difor blir meir av blåfargen enn raudfargen i lyset sendt tilbake til augene dine. Viss huda er veldig kvit ser blodet meir blått ut.

Før i tida trudde folk at dei kongelege hadde blått blod. Bøndene jobba og var mykje meir i sola. Difor var dei brunare i huda og ofte veldig skitne. Dei konglege var bleike og vaska seg oftare. Difor såg blodårene deira ekstra blå ut mot den kvite huda.