Er «Tante Raud» på besøk? Sei det med ein emoji!

Plan International Norge håpar den nye bloddråpe-emojien fører til at vi snakkar meir om mensen.

– Mensen er ikkje berre litt flaut. Mange stadar i verda er det så tabubelagt at jenter mister skulegong, fortel Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Norge, i ei pressemelding.

Organisasjonen håpar at den nyleg annonserte bloddråpe-emojien kan gjere det mindre flaut, og mykje enklare å prate om mensen.

To år med arbeid

Allereie i mai 2017 etterlyste Plan International i Storbritannia mensen-emoji. Då viste ei undersøking at det framleis er mykje skam og stigma knytt til menstruasjon: jenter og kvinner slit med å prate med andre om noko dei opplever kvar månad.

For å få slutt på skamma er det heilt sentralt å prate om mensen, meiner organisasjonen, og kva er då betre enn å ta i bruk det globale og veksande språket: Emoji?

55 000 mennesker var einige med Plan International, og signerte eit opprop for å få ein mensen-emoji. No kan dei alle sleppe jubelen laus, for emojien er på veg.