Byen som ingen kan bu i

Plastposar, plastkanner, plastlokk og plastflasker fyller hus, gater og natur i denne byen. Plastbyen fortel historia om ei øydelagt verd der ingen dyr eller menneske kan bu.

Fakta om Akvariet i Bergen:
  • Akvariet i Bergen vart bygd i år 1960.
  • Her kan du sjå fisk, dyr som lev i vatn og pingvinar. Akvariet har også ein tropisk avdeling med slangar, krokodillar, edderkoppar og andre tropiske dyr.
  • Akvariet ligg på Nordnes i Bergen sentrum.

Kjelde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

Kvart år hamnar 8 millionar tonn plastavfall i hav verda rundt. Det er det same som vekta av fem millionar bilar!

Plastproblemet er alvorleg, og mange ser no at det må ei endring til. Kvalen som vart funnen på Sotra, med 30 plastposar i magen, førte til at mange opna auga.

Foto: Janne Nerheim

I år har Akvariet i Bergen invitert skular og barnehagar til å lage ein plastby for å lære barn og vaksne om kva plast gjer med naturen.

Vann drøymedag

Dei har fått inn mange bidrag til plastbyen 2019, og Marihøna barnehage i Bergen vart kåra som vinnar i år. Dei hadde laga ei manet av ting dei fann ute i naturen.

Her er bidraget til Marihøna barnehage:

Foto: Akvariet

Premien er ein drøymedag på Akvariet der heile klassen får bli med bak kulissene på Akvariet, fortel Veline Høyland, sals- og marknadssjef ved Akvariet.

Juryen sa dette om vinnarane:

Ei minimalistisk og enkel manet, samstundes som den inneheld mange småting frå kvardagen. Ei fin symbolsk synleggjering av plast i havet.

Foto: Janne Nerheim