Løkkefotball er starten på ein karriere som fotballproff

Forskar har ikkje tru på at barn og unge må spesialisere seg så tidleg som mogleg for å verte best i fotball. Det kan vere vel så viktig å leike seg god.

Oppskrifta til landslagsfotball:

Ifølgje forskaren trener vi nok i Noreg samanlikna med andre land. Og etter å ha finlese treningshistorikken til 1000 unge fotballspelarar, studert deira individuelle tilnærming til fotballen og forska på trenarrolla, leverer han denne oppskrifta til den som vil kome på landslaget:

  • Spel fotball på løkka.
  • Møt opp på trening og vit kva du skal trene på.
  • Tren mykje.
  • Spel på eit lag med eit godt sosialt miljø, og med lagkameratar som ønskjer å utvikle seg. For du vert ikkje god aleine.

(Kjelde: Forskning.no/Martin K. Erikstad)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Du må gjerne starte med fotball på løkka i ung alder, det er eit godt utgangspunkt for seinare landslagsspel. På løkka er fotballen leik og glede. At du leikar og trivst med det du gjer, er viktig for å få framgang, seier Martin K. Erikstad til Forskning.no.

Han har studert 1000 norske fotballspelarar i alderen 14-15 år for å finne kjenneteikna ved dei spelarane som tar steget opp på aldersbestemte landslag, skriv Forskning.no.

– Eg har studert spelarar på kretslag frå heile landet. Så å seie alle av dei hadde eit mål om å verte profesjonelle spelarar. Dei som tok steget opp frå kretslag til aldersbestemte landslag, var mellom anna meir medvitne om kva dei skulle forbetre seg på under treninga, seier Martin.

Balleik på løkka

Gode fotballspelarar trener mykje, og særleg med ball. Derfor meiner forskaren at det er viktig å starte i ung alder.

– Du må gjerne drive med annan idrett også. Du treng ikkje vere einsidig og altfor seriøs i ung alder, seier han.

Fotballforskaren minner om at den som leikar seg med fotball på løkka får trent meir ballkjensle og kondisjon. Dermed toler han/ho også meir når det blir fleire organiserte fotballtreningar med lag og trenar.

Alvoret kjem tidsnok

Men det er ikkje nok å leike. Ein dag må alvoret inn i treninga for at spelaren skal utvikle seg som fotballspelar.

– Min studie viser eit tydeleg trekk hos dei spelarane som tar steget opp på nasjonale fotballag. Dei tek meir ansvar for eiga utvikling enn andre spelarar. Dei kjem ikkje på trening berre for at nokon skal trene dei, men har gjerne eit mål om å verte betre på noko heilt spesielt, seier forskaren.

Han understrekar at eit godt lagmiljø må til for at enkeltspelarane skal utvikle seg.

– Du vert ikkje god aleine, seier Martin.