SJÅ VIDEO: Lær dansk med Jakob Oftebro

1 av 3 nordmenn snakkar engelsk med danskane. Dette viser ei ny undersøking utført av Opinion. Me utfordra skodespelaren som er aktuell med «Skammarens dotter 2» til å ha eit lite språkkurs.

Artikkelen vlei fyrst publisert på Framtida.no

– Eg plar å seia at eg er veldig god i dansk, men elendig på norske dialektar, ler Jakob Oftebro.

33-åringen gjev likevel den norske distriktspolikken og dialektmangfaldet mykje av æra for at han kan veksla mellom klingande Kjelsås-mål og dansk.

Danske Nicodemus

Dei gode danskkunnskapane har ført til at skodespelaren får store roller på begge sider av Skagerak. Framtida.no møter han i samband med premieren på den danske storfilmen «Skammarens dotter 2 – Slangens gåve» der Oftebro igjen gestaltar den mannlege hovudrolla som Nicodemus Ravens.

Oftebro lærte seg dansk då han som 21-åring flytta til København for å studera på teaterhøgskulen der. Med Framtida.no deler han sitt absolutt viktigaste råd for å læra eit nytt språk.

– Ein mistar jo veldig identitet når ein byrjar å snakke eit nytt språk, men å verkeleg berre bli i det og heile tida fortsetja å snakka det, då vert ein til slutt god.

– Men det er jo ein tung prosess, og det er vanskeleg, medgjev Oftebro.

Vokalar og korktriks

No er han såpass vidarekommen på dei blaute konsonantane at me utfordra han til å ha eit lite språkkurs.

Ei av dei største utfordringane med dansk er å ikkje hoppa over detaljane og få med seg heile spekteret i språket.

– Eg fann dansken min då eg klarte å finna strupehovudet mitt. Eg føler at danskane snakkar bak, men dei har ofte meir bass i stemmen sin, forklarar Oftebro.