Brexit blir utsett

Dei folkevalde i Underhuset har godkjent semja mellom EU og Storbritannia om å utsetja brexit til tidlegast 12. april.

Statsminister Theresa May har sagt at ho er klar for å gå av før «fase to» i Storbritannias skilsmisse frå EU, skriv VG.no.

Eigentleg skulle Storbritania ut av EU 29. mars, men dei har ikkje kome fram til ein Brexit-løysing.