Kva er Brexit?

Storbritannia skal slutte i Europa-klubben EU. Kva vil skje då?

Brexit er eit ganske nytt ord, skriv Ung.Forskning.no.

Det handlar om noko som skjer i Europa akkurat no, nemleg at Storbritannia skal slutte i EU. EU er eit samarbeid der 28 land i Europa er medlemmar. Her kan du lese meir om kva EU er.

Storbritannia består av landa England, Nord-Irland, Wales og Skottland. Hvis du tek dei to bokstavane B og R frå Storbritannia, og legg til exit, får du ordet Brexit. Exit tyder “utgang” på norsk.

Br+exit=Brexit

I ei folkeavstemning var det litt over halvparten av folka i Storbritannia som ville ut av EU. Planen er at Storbritannia skal slutte i EU 29. mars 2019.

EU har sagt at det er lov til å ombestemme seg, men vi veit ikkje om Storbritannia kjem til å gjere det. Akkurat no diskuterer britiske politikarar fordi det finst fleire måtar Storbritannia kan forlate EU på. Politikarane er ueinige om korleis dei skal gjere det.