Ny forsking hevdar at stillesitting kanskje ikkje er så farleg

…men du bør ikkje liggje heilt på latsida. Poenget er å få opp pulsen når du bevegar deg.

Turdid Skrede jobbar til dagleg som høgskulelektor ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Ho har forska på barn og stillesitting. Foto: Privat

– Med våre objektive mål finn vi ikkje nokon samanheng mellom stillesitting og helse, men dess meir aktivitet, dess betre helse, seier Turid Skrede i ei pressemelding frå Norges idrettshøgskole.

Studerte 1200 femteklassingar

I løpet av skuleåret 2014/15 gjekk nesten 1200 femteklassingar frå 57 ulike skular i Sogn og Fjordane med aktivitetsmålar ei heil veke. I tillegg fekk dei målt høgd, vekt og ei rekke risikofaktorar for alvorlege sjukdomar.

Forskaren samanlikna så aktivitet og fysisk form med desse risikofaktorane: Stort midjemål, kroppsmasseindeks, høgt blodtrykk, ugunstig nivå av kolesterol og insulin.

Funna tydar på at:

  • Å sitte stille, også mykje, er ikkje så farleg som ein har trudd.
  • Det viktige er å vere i fysisk aktiv med moderat til høg intensitet.
  • Ein blir ikkje tung av stillesitting, men dei som er tunge blir oftast sittande for mykje i ro.
  • Barn med låg fysisk form har størst helseeffekt av å vere meir fysisk aktive.

– Skal ein kjenne hjartet slå skikkeleg

Skrede meiner det har vore ein del skremselspropaganda rundt stillesitting. Ifølgje hennar forsking er det ikkje timane ved skulepulten eller i sofaen som er farlege.

– Det er ikkje noko poeng å erstatte sitting med roleg aktivitet. Når ein først er aktiv, skal ein kjenne hjartet slå skikkeleg, seier Skrede i pressemeldinga.

Konklusjonen er altså at det er viktigare at barn bør vere i høg aktivitet kvar dag, enn at dei skal sitte mindre.

Ein lengre versjon av saka finn du på Framtida.no