I dag fyller World Wide Web 30 år

Fyrste teikn til internett kom allereie på 1960-talet, men det var ikkje før i 1989 det blei utvikla vidare til det vi kjenner i dag.

Det aller fyrste teiknet til internett blei laga av det amerikanske forsvaret seint på 1960-talet.

12. mars 1989

Men det var forskaren Tim Berners-Lee som utvikla World Wide Web i 1989 – og som gjorde internett til eit allemannseige.

12. mars 1989 sendte Tim ut eit brev på WWW, som ikkje fekk noko særleg merksemd. Litt over eitt år seinare sendte han brevet igjen, og då var det nokon som reagerte.

Alt er tilgjengeleg

Ein skulle tru at internett alltid har vore her, men slik er det altså ikkje.

Då foreldra dine var barn var ikkje internett noko ein brukte kvar dag.

Det fanst ikkje smarttelefonar, og det var heller ikkje vanleg at alle hadde sin eigen PC med internett-tilgang. Nettbrett var ikkje ein gong funne opp.

På 30 år har mykje skjedd. No er internett tilgjengeleg for alle, og vi har heile verda tilgjengeleg med berre eit lite tastetrykk.

Liten eller stor i?

Fram til 2015 skulle ein skrive internett med ein stor I. Men etter 2015 sa Språkrådet i Noreg at det var valfritt om ein ville bruke stor- eller liten i.

Dette er den ALLER første YouTube-filmen som blei lagt ut