8. MARS: Hurra for kvinnedagen!

Den internasjonale kvinnedagen vert feira kvart år den 8. mars. Veit du kva rettar kvinnerørsla kjempar for?

Dagen vart etablert for å heidre kvinner sine rettar, og å bygge opp støtte for at alle kvinner skal ha stemmerett.

Den internasjonale dagen vart vedteke i 1910.

I 1975 vart 8. mars i tillegg gjort om til ein FN-dag.

FN-dag: Er ein dag i året der FN ynsker å rette merksemda mot ei bestemt sak.

På denne dagen vert det arrangert møter og demonstrasjonstog. I 2014 var det rekordoppslutning på grunn av abortlova.

(Saka held fram under videoen.)

Nokre saker som kvinnerørsla har kjempa for:

  • Abort
  • Rett til utdanning
  • Stemmerett
  • Lik løn for likt arbeid
  • Rett til arbeid og utdanning
  • Eigendomsrett
  • Arverett
  • Skilsmisse
  • Valdtekt