Dette er verdas mest forureina byar

Det blir anslått at sju millionar menneske vil døy av urein luft i løpet av 2019, skriv CNN.

Det er det kinesiske selskapet AirVisual og Greenpeace som kjem med rapporten over dei mest forureina byane i verda. På topp fem, er fire av fem byar indiske.

Saka stod fyrst publisert på NRK.no

  1. Gurugram (India)
  2. Ghaziabad (India)
  3. Faisalabad (Pakistan)
  4. Faridabad (India)
  5. Bhiwadi (India)

Berre ein by på topp-100-lista var ein Europeisk by. Byen Lukavac i Bosnia-Herzegovina kom på 92. plass.

Dei fleste forureina byane som kom på lista er byar i India og Kina.