Julius blei forsøkt forgifta

Sjimpansen Julius (39) bur i Kristiansand dyrepark. I vinterferien kasta nokon inn ei flaske med narkotika i buret.

Dette fekk Julius i seg, og gjekk inn i ein psykoseliknande tilstand etter å ha drukke stoffet.  Han beit seg sjølv på handa og fekk eit stygt sår.

No er Julius heldigvis utanfor fare.

Budde hos ein familie

Julius blei født 2. juledag i 1979. Han blei avvist av mora, og budde derfor sitt fyrste leveår hos direktøren for dyreparken og hans familie.

Superkjendis

Julius blei superpopulær og alle visste kven Julius var etter at NRK laga nokre program om han.

Du har kanskje høyrt Julius-songen?