Glitrande miljøskade

Klede med vendbare paljettar som viser ulike bilete har blitt enormt populært. Men kva gjer desse små fargesprakande plastbitane med miljøet?

Andy Booth er forskar ved Sintef Sealab i Trondheim, og jobbar med å finne ut av kva mikroplast gjer med livet i havet. For det er det glitter og paljettar er; mikroplast.

Forskar på plast

– Vi som forskar på dette prøver å finne ut kva som er faren med mikroplast. Vi veit at det tek veldig langt tid før det forsvinn om det hamnar i naturen, seier Andy.

Både glitter og paljettar er laga av plast. Desse små plastbitane hamnar i verste fall i havet. Der kan plasten mellom anna skade dyrelivet.

FORSKAR: Andy Booth er forskar ved Sintef Sealab i Trondheim, og jobbar med å finne ut av kva mikroplast gjer med livet i havet. FOTO: SINTEF

Ikkje bra for naturen

– Det er vanskeleg å unngå at glitter og paljettar blir spreidde rundt når dei ikkje heng fast i noko eller er samla i ein behaldar, seier Andy.

Paljettar er ofte sydd fast på klesplagget, medan glitter veldig lett blir strødd rundt.

– Verken glitter eller paljettar er bra for miljøet. Det er utruleg vanskeleg å fjerne dei når dei fyrst er spreidd i naturen, fortel han.

Festa på plagget

Klede er ei stor kjelde til mikroplast. Plasten kjem ut i naturen både når vi bruker og vaskar klede. Men så langt har vi tenkt mest på kva materiale sjølve plagget er laga av. Klede laga av fleece er ein versting.

Men kva med plast som er festa på plagget? Paljettar som er sydd på, glitter som er limt fast, eller plast som er trykt på som eit bilete?

– Vi har jo mange t-skjorter som har trykte plastmerker på. Desse trykka smuldrar ofte opp over tid, og små plastbitar blir til mikroplast i miljøet. Glitter ramlar lett av, medan paljettar stort sett blir eit problem når plagget er utslitt og skal bli kasta, seier Andy.

Legg press

Han fortel at vi som handlar klede kan legge press på dei som lagar klede, slik at dei må finne miljøvennlege løysingar.

– Viss vi ikkje kjøper kleda med paljettar og glitter, må dei finne ein betre måte å lage paljettar og glitter på, seier han.

Han meiner barn gjerne kan hjelpe vaksne å sjå kva som skadar naturen.  

– Barn legg merke til dette, dei forstår at vi må begrense bruken av plast. Det er fantastisk å sjå at den yngre generasjonen ser mykje av det vi vaksne ikkje ser. Det gir oss håp, seier han.