– Eg har sett mange som har paljetter på kleda

Vi har snakka med Elida (11) og Eli (12) om paljettar og glitter på klede.

ELIDA LJUSNES JENSEN (11)

Har du lagt merke til at det er veldig populært med vendbare paljettar på klede?

– Ja, det har eg. Eg har sett mange som har det på skulen.

Har du klede med paljettar eller glitter?

– Eg har med glitter og med paljettar som ikkje er vendbare.

Visste du at paljettar og glitter kan skade naturen?

– Nei.

ELI TRONSTAD (12)

Har du lagt merke til at det er veldig populært med vendbare paljettar på klede?

–  Det er veldig mange som har desse kleda no. Eg har sett plagga i butikkar og på veldig mange på skulen.

Har du klede med paljettar eller glitter?

– Eg har to eller tre genserar med vendbare paljettar.

Visste du at paljettar og glitter kan skade naturen?

– Ja, det visste eg. Eg har lese om det. Så har eg jo lagt merke til at dei er laga av plast, og då forstod eg at det er skadeleg for naturen. Dette er klede eg har fått.