Mamma sin dag

10. februar er det morsdag. Dette er ein heidersdag for alle mødre.

I Noreg markerer vi denne dagen den andre sundagen i februar. I år er det altså 10. februar.

Familien markerer dette ulikt, men det er vanleg å lage morsdagskort, gi blomar og servere frokost på senga. Kanskje ein også diskar opp med ein god middag som mamma får servert?

Det er ikkje alle som har ei mor. Då kan ein gjere andre ting. Ein kan gå på grava med blomar. Skrive eit brev til ei bestemor eller ei tante?

Eller kva med å berre gi ein tanke til mammaen din som har gjort ein av dei beste jobbane – nemleg å lage nettopp deg.

Skal du feire morsdag?

Skal du feire morsdag?

Ja, det gjer vi alltid99
Nei, vi brukar ikkje det3
Veit ikkje4
Svar totalt: 106