Nytt tilbod for nynorske barnebøker

I samband med Bokåret 2019 tilbyr Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet gratis undervisningsopplegg til utvalde nynorske barnebøker.

– Vi ønskjer at Bok på 1-2-3 skal vekkje interesse for nynorske barnebøker med ulike tema. Opplegga skal vere prega av leik, undring og læreglede. Tanken er at dei skal vere enkle å ta i bruk, fortel Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret i ei pressemelding.

LES OGSÅ: No kan du bli med på kåringa av dei beste nynorske barne- og ungdomsbøkene

Ni barnebøker

I samarbeid med Ivar Aasen-tunet har dei plukka ut ni barnebøker som dei vil presentere i løpet av bokåret.
– Bøkene vil vere tilgjengelege for strøyming i kvar sin månad slik at lærarane kan bruke dei på storskjerm i klasserommet, forklarer Ida Karin Aarflot Kornberg ved Ivar Aasen-tunet.

Boktipsa og undervisningsopplegga vil vere tilgjengelege på Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet sine nettsider utover dette.