Pass opp for konspirasjonsteoriar!

På internett ligg mange "falske nyheiter" om ting som ikkje er sanne.

Kva er ein konspirasjonsteori?

Ein konspirasjonsteori er forklaringar på ting som ikkje er sant. Ofte blir desse teoriane laga av grupper som prøver å fremme sin eigen skjulte agenda.

Dei som lagar konspirasjonsteoriar kjem med mange “gode” argument. Mange lar seg lure.

Døme på konsperasjonsteoriar

Døme på konspirasjonsteoriar (som ikkje er sanne) er at Hitler ikkje døyde, men flytta til Brasil. Ein annan uskyldig konspirasjonsteori er at Elvis Prestley framleis lever i skjul. Endå ein teori er at jorda ikkje er rund, men flat som ei pannekake!

Det er mange feilaktige teoriar om terror, krigføring, UFOar og liknande også.

Ein må vere kristisk til kjelda

Ein må bruke sunn fornuft. Dei fleste av oss veit at jorda ikkje er flat, men om ein høyrer vaksne, truvedige personar fortelje at ho eigentleg er flat, kan ein til slutt byrje å lure. Men ver kritisk!

Det er veldig viktig at ein sjekkar kjelda. Høyrer med andre. Snakkar med ein vaksen. Bruk Google og sjekk om teorien står fleire stadar. Ting som verkar for godt til å vere sant, er som regel ikkje sant.

Hugs at alle kan legge ut ein artikkel på ein blogg, eller ein video på YouTube. Og alt er ikkje sant.

For å vere heilt klar:

Jorda er rund. Elvis Prestley er dø. Det same er Hitler.