Likar du grøssarbøker?

Her er tre bøker frå Grøss og Gru-serien

Den andre søstera

Forfattar: Laura Djupvik.

Selma og familien arvar eit gammalt hus. Men Selma tør ikkje vere der åleine. Ho høyrer merkelege lydar og uforklarlege ting skjer.

I treet i hagen kjenner Selma seg trygg. Ein dag kjem ei jente, Anna, opp frå dalen. Ho klatrar opp i treet til Selma.

Selma gler seg til å møte henne igjen. Men kven er denne Anna? Kva vil ho? Og kva løyndommar ber mor til Selma på?

Du kan bla litt i boka her.

Den Svartkledde jenta

Forfattar: A. Audhild Solberg.

Bekmørk og iskald grøss!

Hanna er på veg heim frå kjærasten Leo. Ved eit fråflytta hus dukkar det opp ei jente bak henne.

Jenta tek til å følgje etter Hanna. På brua set ho i eit grufullt skrik, før ho brått forsvinn. Neste natt skjer det same.

Kven er denne svartkledde jenta? Kvifor oppsøker ho Hanna?

Og kor kjem dette forferdelege skriket frå?

Du kan bla litt i boka her.

Den tolvte spelaren

Forfattar: Tor Arve Røssland.

Grøss i ei tåkelagd bygd!

Kevin har flytta til Våg. Han merkar raskt at noko er annleis her. Den tåkelagde bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg. Og farane som lurer, kan plutseleg stå rett framfor deg.

Kven er den tolvte spelaren?

Du kan bla litt i boka her.

Denne boka er nominert til U-prisen