Den norske kysten fangar store mengder plastavfall

Havstraumar gjer Noreg til eit av verdas mest utsette område når det kjem til plastforureining. Vest for Bergen er det funne opp mot 1.000 tonn.

Verst er det i Øygarden, Sund og Fjell. I ein ny rapport frå forskingsinstituttet Norce kjem det fram at det hopar seg opp plastavfall i 800 viker og strender. Plasten driv inn frå sjøen.

MANGE STRENDER: Det hopar seg opp plastavfall i 800 viker og strender. FOTO: Tobias Kurz og Benjamin Dolva

70 fotballbanar

Område som er forureina er like stort som over 70 fotballbanar. Avfallet veg mellom 500 og 1.000 tonn.

– Norskekysten blir eit fangstnett for avfall. Ein del ­driv forbi, men veldig mykje blir liggjande att, seier Eivind Bastesen ved forsk­nings­instituttet Norce.

Det var Bergens Tidende som fyrst omtala saka.

SIT FAST: Mykje plast sit fast i tang, tare og jord. FOTO: Tobias Kurz og Benjamin Dolva