USA er i shutdown – kva vil det seie?

I USA har president Donald Trump og kongressen ikkje vorte samde om budsjettet. No er det shutdown.

Senatet og Representanthuset har plass i Kongressen i Washington D.C. Det tilsvarar Stortinget i Noreg. Foto: Wikipedia

Kva er ein shutdown?

Kort fortalt er ein «shutdown» ein situasjon der dei som styrer landet må slutte å jobbe. Utanom dei viktigaste jobbane.

Dei vitigaste jobbane er dei arbeidsoppgåvene som er absolutt viktig for at samfunnet skal fungere. Typiske døme er krisepersonell som politi, brannvesen, grensevakter og militæret.

Kvifor blei det shutdown?

Kongressen – altså dei som styrer landet er nndelt i demokratane og republikanarane. Dei to gruppene klarer ikkje å verte samde om eit budsjett om korleis dei skal foredle pengane.

Dersom dei ikkje kjem til semje, vil dei ikkje vere i stand til å løyve pengar til andre enn dei essensielle tenestene.

Trump vil bygge ein mur

Trump har nemleg bestemt seg for at han vil bygge ein mur mellom grensa til USA og Mexico. Denne muren er svært dyr, og han treng pengar for å kunne gjennomføre det. Kongressen er ikkje med på dette, og derfor har det blitt shutdown.

Trump meiner at muren må opp for å hindre at mellom anna innvandring og narkotika kjem inn til landet. Mexico er kjend for å produsere mykje narkotika, så mange forstår Trump og muren, medan andre er sterkt imot og meiner den vil vere med på å trykke ned dei som frå før er svake i samfunnet.