Kva meiner norske barn om Trump og muren?

Det har vore mykje snakk om Donald Trump og den planlagte muren mellom USA og Mexico.

Tanishika: – Med Trump som president blir ein uroleg. Eg var redd for at det skulle bli 3. verdskrigen då han vann valet. Han spreier usikkerheit. Mi venninne og familien blei nekta å kome inn i USA fordi dei var muslimar. Det verkar som han trur at alle muslimar er terroristar. Slik er det ikkje!

Marthe: – Det er tull at han skal stenge ei grense med ein mur. Tenk om vi skulle gjort det same mot Sverige? Tenk om vi ikkje kunne dra til nabolandet vårt fordi ein president nekta oss inngang. Eg forstår at det dreier seg mykje om smugling, men det dreier seg også om menneske.

Maria: – Trump har mange meiningar. Ikkje alle er like gode. Det virker som han styrer politikken frå Twitter. At han skal bruke så mykje pengar på ein mur, er uforståleg. Han skulle brukt pengar på ting landet treng. Kva med meir grensevakter? Han vil hindre smugling av narkotika og ulovleg innvandring, men han gjer det på feil måte. Med Obama visste ein meir kvar vi hadde han. Med Trump er det umogeleg. Han spreier frykt.