Dette er favorittboka til barn i Bergen

Rundt 600 elevar på 6. og 7. steg i Bergen kommune har kåra "Dukkens rette eier" av Ingunn Aamodt til vinnar av Barnas bokpris 2018.

Dukkens rette eier er ei bok frå serien Marg & Bein på forlaget Cappelen Damm.

Handlinga i boka: Det finst ei magisk dokke som lèt eigaren oppleve det same som dokka. Opplever den gode ting, lyser det suksess mot dokkas eigar. Men viss dokka vert skada på noko vis, vil ulykka møte eigaren.

– Eg føler at denne prisen ikkje berre er til denne boka, men òg til “Marg og bein”. Han viser at barna enno elskar grøss, seier prisvinnar Ingunn Aamodt i i ei pressemelding.

Dei nominerte var:

  • Keeperen og havet – Maria Parr
  • Anton og andre flokkdyr – Gudrun Skretting
  • Snillionen – Arnfinn Kolerud
  • Hjertet er en knyttneve – Ingrid Ovedie Volden
  • Dukken – Ingunn Aamodt

Bergen bibliotek har laga kviss til alle bøkene. Dei finn du her.

Ingunn Aamodt vann ARKs barnebokpris 2010 for Dukken som ho tidlegare har skrive i Marg & Bein-serien.

Liker du å lese bøker?

Liker du å lese bøker?

JA!30
Elskar det!31
Sånn passe21
Nei!6
Hatar det!27
Veit ikkje1
Svar totalt: 116