Fakta om Svartedauden

Svartedauden var ein byllepest som ramma Europa rundt 1347-1351, og er ein av dei verste pandemiane i historia.

Pandemi er ein infeksjonssjukdom som rammar over eit stort geografisk område.

Svartedauden fekk namnet sitt etter fargen på kroppen til mange av dei pestdøydde.

Millionar døydde

Minst halvparten av befolkninga i Noreg døydde. Ein trur også at opp mot 60 % av befolkninga i Europa gjekk bort. Det vil seie mellom 50 og 80 millionar menneske.

Svartedauden kom av at bakteriar smitta over frå dyr til menneske. Ein trur at bestanden av gnagarar (rotter) i Asia auka kraftig. Men etter ei stund gjekk bestanden ned igjen. Då starta lopper å finne andre dyr å leve på. På den måten blei menneska smitta av pandemien.

Kom det fyrst til Bergen?

Det er mange som meiner at Svartedauden kom til Bergen med eit skip i 1349, men seinare forskning ser at det mest truleg har vore tilfelle av Svartedauden på Austlandet før sjukdomen kom til Bergen.

Den norske kunstnaren, Theodor Kittelsen, har teikna ein rekke teikningar om Svartedauden. Sjå video.

Kjelde: Snl.no / ndla.no