Kine (24) er aktuell i Mesternes mester: For å bli verdsmeister må ein ofre ein heil del

Kine Olsen (24) er Verds-, Europa- og Noregsmeister i Cheerleading. No er ho aktuell som tidenes yngste deltakar i «Mesternes mester». For å kome så langt krevst det mange timar med trening.

– Eg har alltid vore eit atletisk barn. Begge foreldra mine var idrettsutøvarar, så eg kom frå ein aktiv familie. Det var heilt naturleg for meg å vere i aktivitet.

Vil du bli best? Då må du øve i 10.000 timar

Den svenske professoren i psykologi, Anders Ericsson, har rekna ut av det krevst 10.000 timar for å kunne bli best i verda. Det vil seie tre timar i snitt kvar dag – i ti år. Talent har mindre å seie enn viljestyrke og uthald, ifølge professoren.

Kine er ein av dei som stadfestar 10.000 timar-regelen.

– Då eg starta med Cheerleading hadde eg nok eit godt grunnlag for å kunne bli god. Eg vil derfor tru at eg har rundt 10.000 treningstimar bak meg.

Som barn gjekk Kine på mange ulike aktivitetar. Mellom anna symjing, turn, ski og fotball. Men då ho var 11-12 år slutta ho med alt av aktivitetar og satsa berre på cheerleading.

Venner kom i andre rekke

For å bli verdsmeister må ein ofre ein heil del, men for Kine var det ikkje vanskeleg. Sporten ho heldt på med gav henne ei enorm glede.

– For meg var cheerleading det viktigaste. Eg ofra alt det sosiale livet på ungdomsskulen. Noko som kanskje var avgjerande for at eg blei så god som eg blei. Men eg vil ikkje kalle det eit offer. For meg var det ei glede å få drive med det eg likte aller mest.

Kine hadde støttande foreldre som køyrde henne på trening og heia henne fram. I tillegg hadde ho nokre venninner som var der for henne. Men for Kine var cheerleading viktigast.

– Heldigvis var idretten min ein lagidrett, så eg fekk bestevenner på laget som eg fekk oppleve heilt vanvittig mykje moro saman med. Vi blei som ein familie.

(Saka held fram etter bilete).

Kine har gjort det svært bra under årets sesong av Mesternes Mester. (Foto: Toke Riskjær, Rubicon TV/NRK)

Den uorganiserte treninga er viktig for å bli best

For å bli verdsmeister meiner Kine at det ikkje var nok å trene berre på dei oppsette timane med trenaren.

– Eg «hang i hallen». Det var noko med det å vere der før treninga starta, og bli igjen etter at trenaren gjekk. Det var då venninnene mine og eg fekk terpe og trene for å bli best.

Kine sine tips på å bli god

  • Det er brutalt å seie det, men du må gi – og ofre alt! Du må kanskje ofre bursdagen til klassevenninna di for å vere med på treninga.
  • Den uorganiserte treninga er viktig for å utvikle deg.
  • Finn ein sport som du får glede av.
BOKTIPS: 10.000 timer av Ingvild Nielsen

Boktips om å nå draumen

Les boka 10.000 timer, skriven av Ingvild Nielsen. Hovudpersonen Mattis dagdrøymer om å spele vegg med Noregs nye superspiss Thomasz, men korleis blir han god nok? Bestevennen Weesam finn ein oppskrift på nettet, som kan gjere dei til verdas beste fotballspelarar. Det er berre eit problem: Det tek 10.000 timar å følge den.

  • Tittel: 10000 timer
  • Forfattar: Ingvild Nielsen
  • Forlag: Mangschou
  • Målform: Bokmål