Skaden frå fiskekroken gjev fisken problem med å ete

Å fange fisk, og så sleppe han fri, kan skade fisken slik at han ikkje klarar å ete skikkeleg, ifølgje ny forsking.

Forskarane ved fem ulike universitet har forska på dette, skriv Kids News. Både University of California, Riverside, Universitetet i Alberta, Universitetet i Calgary og Universitetet i Antwerpen har funne ut at fisk kan få problem med å ete etter å ha fått ein krok i munnen.

Sugeteknikk

Studien viser at fisk som sug til seg maten, ikkje klarar å spise så mykje som før etter at kroken har blitt fjerna. Forskinga viste at fisken fekk i seg 35 prosent mindre mat enn før.

Til dømes laks, abbor og ørret et maten sin ved hjelp av sugeteknikk.

Mindre krok er bra

Forskarane bak studien oppfordrar folk til å bruke så liten krok som mogleg når dei fiskar. Målet til forskarane er ikkje at folk skal slutte å fiske, men gjerne tenkje over kva skade dei forårsakar ved å fange og sleppe fri fisk.