Julemorgen ynsker deg god jul

Frå vesle julaftan og ut året kan du sjå Julemorgen på NRK Super, saman med Anders og Matias.

Dei skal saman skape den perfekte julestemninga for deg. Men kva er eigentleg denne julestemninga alle snakkar om?

For meg er det ei kjensle om nestekjærleik, seier Matias.

Det handlar om å ta vare på dei rundt seg. Men når eg tenker på julestemning så kjem orda stress og glede også opp.

For Anders har det skifta litt. Då han var barn var forventningane fram til julaftan, med alt som følgjer med – det heilt store.

I jula er det mykje glede, og det gir julestemning, men etter eg har vorte eldre har eg merka at det er tosidig, for jula handlar også om å ta vare på dei som er rundt deg. Og det gir julestemning for meg.

(Sjå videohelsing lengre ned i saka).

Må ha julepynten på plass

Den gode stemninga får du sjå på TV. Dei lovar fine julefilmar, spanande gjestar, konkurranser og julemusikk. Anders gler seg veldig til å få ZombieLars-gjengen på besøk, og Matias ser fram til å få besøk av eit kor.

For at programleiarane skal få ei fin jul er det noko som må på plass. Matias må ha julepynt og juletre, men det viktigaste er at han får vere saman med bror, mamma og pappa.

Ein gong, då eg var i forsvaret, fekk eg ikkje feire jula saman med dei. Det var ikkje noko kjekt. Så å vite at dei er saman med meg er veldig viktig.

Julemusikk og julerøykelse

Eg har alltid prøvd å gjenskape den perfekte jula frå då eg var barn, seier Anders.

Men det er ikkje så lett fordi eg har blitt eldre. For at det skal bli jul treng eg julemusikk og julerøykelse. Og så må eg høyre Dolly Parton si juleplate minst ti gongar.

Men det viktigaste, sier Anders. Det er å få feire jula med dei eg er glad i.

Favoritt-julegåve

Anders veit med ein gong svaret. Heilt sidan eg var liten har eg hatt ein strikkegenser som bestemor har laga og gitt meg. Og den same genseren har ho strikka og gitt til meg etter kvart som eg har vorte eldre. Det beste er at den ikkje klør, og eg virkelig elsker den genseren.

Matias si favorittjulegåve er også mjuk. Då han feira jul i Chile ein gong, fekk han og bror hans kvar sin pyjamasar. Broren fekk ein grøn og han fekk ein raud. Han blei kanskje ikkje så glad for den i starten, men etterkvart som han brukte han blei han meir og meir glad i den raude pyjamasen.

Favoritt-julesong

Matias synest Vi tenner våre lykter er den beste julesongen.

Anders har to favorittar. Den eine heiter Fairytail of New York og den andre er Frank Sinatras versjon av Have Yourself a Merry Little Christmas.

På ein skala frå ein til ti, kor god er du på juleverkstad, og kva er du best til å lage?

Eg ser på meg sjølv som handy, så eg seier ein sterk niar, seier Matias.

Jøss, seier Andreas. Eg er nok berre ein sterk seksar.

Når du får lage noko du får ete etterpå så blir eg motivert, så peparkaker er eg best på, seier Matias.

Eg må nok seie at eg er best på å lage julekort. Eg likar å teikne. Det har iallfall blitt mykje av det opp gjennom åra,seier Anders.