Slik blir du god til å diskutere

I klasserommet. Heime hos familien. På fritidsaktivitetar. Ja, eigentleg overalt kan ein merke at det er vanskeleg å finne riktig ord når ein hamnar i ein diskusjon.

Her er nokre tips på korleis du kan få fram di meining.

1. Finn argument

Du må klare å overbevise dei du diskuterer med. Det gjer du med gode argument som får andre til å endre meininga si. Får du dei andre til å forstå at dine tankar og innspel er gode har du kome langt. Begrunn det du seier.

2. Ver sakleg

Du må verke trygg og snakke roleg. Ikkje overdriv eller snakk nedlatande. Ver sakleg. Ingen høyrer på ein som er sur, nedlatande, trugar eller kjeftar.

3. Lytt, høyr, sjå

Du må vise at du høyrer på dei andre. Vis at du bryr deg om det dei seier. Bruk argumenta deira opp mot ditt argument.

4. Samanlikn

Finn argument som folk kan kjenne seg igjen i. Noko som spelar på kjensler til folk. Set dei inn i ein situasjon som du kanskje har opplevd. Dette gjer dei meir knytta til dine kjensler.

Framtida junior har skrive om dette før. Les ei lengre sak her.