Tapar du alltid diskusjonen? – Lær deg nokre enkle triks

Har du opplevd at du har tapt ein diskusjon, sjølv om du veit at du har rett? Kanskje du faktisk har rett, men at du har ordlagt deg heilt feil.

Det kan vere lurt å planlegge litt før du kastar deg ut i ein diskusjon. Det er ikkje alltid like enkelt. Her er nokre tips til korleis du kan vinne ein diskusjon med gode argument.

Tips 1: Kva er problemet?

Vi kan ta utgangspunkt i at familien din har snakka om å skaffe seg hund. Men heile familien er ikkje overtydd. Du må argumentere, eller finne positive og negative sider, som er med på å overtyde familien.

Tips 2: Finn dei negative sidene

Du må sjølvsagt finne dei positive sidene for å overtyde, men det er likevel lurt å kjenne til dei negative også.

Å skaffe seg hund er mykje jobb. Skal familien vurdere ein hund, må du vite om du verkeleg vil det, og at det ligg mykje ansvar rundt hunden. Det kan vere lurt å fyrst låne ein hund, og sjå korleis det fungerar i familien.

Ein hund treng merksemd, og i tillegg er det dyrt med alt som følgjer. Alt frå vaksiner, forsikringar, mat, stell og veterinær. Lista kunne sikkert vore endå lengre.

Her er forslag på negative sider:

  • Det er mykje jobb.
  • Det kostar ein heil del.
  • Alle må ta ansvar.
  • Det kan vere vanskeleg å reise ofte, eller langt på ferie.

TIPS: Prøv å vri dei negative sidene til noko postivt. Døme: Du veit det er mykje jobb, men du kan ta ansvaret for å lufte hunden kvar måndag og torsdag.

Tips 3: Finn gode argument til å overtyde

No må du finne gode argument, eller grunnar, til å skaffe hund. Dette er kanskje det lettaste for deg.

Her er forslag på positive grunnar:

  • Ein hund skapar godt humør. Kven blir vel ikkje glad når ein logrande hale kjem deg i møte?
  • Ein hund får deg ut, og du får bevege deg meir.
  • Hunden gjer at ein kjem lettare i kontakt med andre.
  • Ein hund kan beskytte deg dersom noko skummelt er i ferd med å skje.
  • Du vil alltid ha ein logrande besteven.
  • Familien deler noko saman gjennom samarbeidet med hunden. Det blir eit fellesprosjekt.

Tips 4: Presenter dei negative- og positive sidene

Når du skal presentere målet må du vise at du kjenner til dei negative sidene. På den måten ser familien din at du er klar over ansvaret. Det kan vere lurt å starte med det negative, for så å gå over på dei positive sidene. Når du legg det fram slik, vil familien din ta deg seriøst.

Det er ikkje så vanskeleg å argumentere, så lenge du veit kva du held på med.

Ting som er vanleg å diskutere

  • Leggetid
  • Mobilbruk
  • Vekepengar
  • Leksetid
  • Godteri
  • Nye klede
  • Lekser
  • Hobby
  • Aldersgrenser
  • Sosiale medier