Sjå på desse bæ-dårande hjarteknusarane

Trine Bjervig tek eigentleg bilete av nyføydde barn, men no har ho gjort noko med ein ny vri.

– Eg driv i hovudsak med nyføddfotografering og det er jo akkurat slike bilete eg plar å ta, så tenkte eg at det å bruka eit lam var ein artig vri, fortel fotograf Trine Bjervig til Andrea Rygg Nøttveitt i Framtida.no.

(Ta ein kikk i galleriet for fleire bilete).

Menneskevand modell

No har fotografen, som har innreia eige studio på låven, fått eigne sauer, men dei fotogene lamma på bileta er to kopplam som er lånt for anledninga.

Korleis reagerte lammet på å få på skjørt?

– Det var ikkje noko problem. Eg trur lammet berre var glad for all merksemda, og sidan det var eit kopplam, var det veldig van med menneske, forklarar Bjervig.

Gjer det same som på menneske-babyar

For å få lamma til å sovne er det viktig at rommet er varmt og at dei har fått mjølk. I tillegg nyttar ho ei hjartelydmaskin som skal få lamma til å sovne lettare. Ho gjer akkurat det samme som på menneske-babyar.

Ordforklaring: Eit kopplam er eit lam som av ulike grunnar ikkje får mjølk frå mora (søya), og derfor må fôrast med flaske eller liknande.

Eit søtt kopplam som blir fotografert av Trine Bjervig.