Lucia-feiring: Kvitkledd med lys i hår

Elene Langhelle Tronstad (8) fekk ha på krone og gå fremst i Lucia-toget på Skånevik skule. Resten av 3. klassen hadde kvite skjorter, glitter i håret og lys eller korger med lussekattar i hendene.

– Det er gøy å vera Lucia! Eg får ha krone på meg, og det kjennest så fint å ha den på. Vi trekte pinnar om kven som skulle få gå med krona i år. På kvar pinne var det ulike namn, og mitt vart trekt!, fortel Elene.

FOTO: Janne Nerheim

Ho har drege den kvite skjorta over hovudet. No er ho klar for å fålys på hovudet, og får hjelp av Thea Vika Knudsen (8) og Lilly Åsheim Karlsen (8) til å sette dei på plass.

– Då eg fekk pinnen blei eg så kjempeglad at eg hoppa høgt. Nesten opp til himmelen, fortel Elene.

Var Lucia to gongar

Det var både kjekt og spennande å få æra av å ha dei fine lysa i håret.

– Eg kjente at eg var spent i magen. Det var som sommarfuglar flaksa, nei – flaggermus!

FLAGGERMUS I MAGEN: Ei spent Lucia gjer seg klar til å synge og dele ut lussekattar til 10. klassingane. FOTO: Janne Nerheim

Elene fekk vera Lucia to gongar, både i toget på juletrefesten der alle foreldra for 1-4. klasse var invitert, og i dag. I dag går 3. klasse rundt for å synge Lucia-songen, og dele ut lussekattar til alle elevane på heile skulen.

– Eg har vore litt spent desse to kveldane før eg skulle vera Lucia, eg fekk liksom ikkje sova, fortel Elene.

Men kven var Lucia?

– Lucia gjekk i ein kvit kjole, og hadde lys i håret. Ho var ei dame som levde for veldig lenge sidan, og ho var hellig. Ho døydde, og difor feirar vi Lucia, seier ho.

Luciatoget besøkte alle elevane frå 1. til 10. klasse. FOTO: Janne Nerheim