Tunkatten Lurivar har fått ny nettstad

I dag lanserte Ivar Aasen-tunet ny nettstad for tunkatten Lurivar!

Lurivar er over snittet glad i språk og litteratur. Han er Aasen-tunet sin formidlingsfigur for dei yngste. På tunkatten.no kan barna leike seg med ord, lære om språk, litteratur og dialektar på ein morosam måte.

Populær side

– Meir enn 250 000 barn og vaksne har besøkt nettstaden til Lurivar sidan han opna for 12 år sidan. Ekstra kjekt for oss er det å sjå at brukarane kjem frå heile landet, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng. 

Juletunmysteriet

– Laurdag 1. desember opnar vi første luke i adventsforteljinga Lurivar og juletunmysteriet. Vi oppmodar særskilt barnehagar og skular til å følgje med, for her kan ein vere med på konkurransar med fine bokpremiar kvar veke, fortel Gaute i ei pressemelding.