Ta vare på songen!

Emma Louise er ein av finalistane i haustens skrivekonkurranse.

Song har mykje å seia for menneska, spesielt meg. Dei fleste liker song, men gjerne forskjellege typar song.

Song gjer meg glad og får meg i godt humør. Spesielle songar får meg til å tenke på livet, og kor godt eg har det.

Den songen eg har i hovudet for tida er «Mer för varandra», eg liker denne songen veldig godt fordi den har så fint innhald. Her er eit eksempel på ein setning «Du tar mig upp men det gör ont när jag landar». Eg synest i denne linja at dei skildrar kjærleik, og den skildrar korleis ein kan ha det. Eg likar denne songen godt fordi stemmene er kjempekule, og svensk, kven liker ikkje svensk?! Eg synest melodien er veldig kul, og eg likar korleis dei har lagt opp songen.

Når eg var cirka tre år begynte eg å synge masse, og eg har alltid likt musikk. Ofte når eg høyrer på musikk jobbar eg betre, og av og til dansar eg til songen også, så får eg masse energi i kroppen av den. Men eg kan bli trist av nokon songar og då følest det som om at eg søkk ut av livet.

Song er veldig viktig for nesten alle menneske.

Eg meiner at song kommer alltid kommer til å vere ein del av verdas kultur, og eg håpar menneska som kjem etter oss vil ta vare på musikkulturen vår, og ikkje vil fjerna den.