Splitter nye emojies på telefonane

Har du raudt hår og ikkje funne deg sjølv blant smilefjesa på telefonen? No er dei endeleg her!

No har Apple, som lagar blant anna telefoner, lansert endå fleire såkalla emojis. Emojis er smiljefjes og figurar ein kan bruke når ein skriv meldingar.

Over 70 nye figurar og smilefjes har blitt teikna og kan no takast i bruk. Blant dei kan du finne meir realistiske kroppsdeler, fleire dyr, boller og brød.

Har du raudt hår kan du no finne deg sjølv i emojis-galleriet på telefonen.

For fyrste gong har det kome smilefjes med raudt hår. Mange synest det er bra at det kjem nye figurar med ulik utsjånad, for då kan mange fleire finne seg sjølve i figurane.

Ei kan kombinere både hudfarge og forskjellig hårfarge på dei same emojisane.