Ein milliard færre ekstremt fattige menneske på 25 år

I oktober kom ein ny rapport frå Verdsbanken med oppdatering på korleis det går med FN sitt mål om å utrydde ekstrem fattigdom innan 2030.

For fyrste gong lev færre enn kvart tidande menneske i verda under den internasjonale grensa for fattigdom, skriv Verdens Beste Nyheter.

Verda har endra seg

På 25 år har det blitt ein milliard færre ekstremt fattige menneske, sjølv om verdas befolkning har auka med to milliardar.

LES MEIR: Kva er FN sine berekraftmål?

No er det 739 millioner menneske som har ei inntekt på mindre enn 1,9 dollar (cirka 16 norske kroner) om dagen. Berre frå 2013 til 2015 fall talet på ekstremt fattige i verda med 86 millionar. No jobbar FN mot at dette talet skal falle heilt til 0.