Noreg tapar ein milliard på brus- og sukkeravgifta

Det er solgt mindre godteri og brus enn det staten trudde. No ser det ut til at staten får inn ein milliard kroner mindre enn det dei hadde rekna med.

I år kom den store sukkeravgifta. Det vil seie at når du kjøper godteri, betalar du nokre kroner som går rett til staten.

Staten rekna med at dei ville få inn mykje pengar på dette, men dette har vorte mindre enn planlagt.

Kvifor er det slik? Kanskje har vi blitt flinkare til å ete sunnare. Men dei som styrer med dette ser at mange har byrja å handle godteri over nettet, samt at vi dreg til Sverige og handlar der.