Filip går på skule i «Syden»

Filip Simensen (10) går på Den Norske Skolen i Málaga.

Fakta

Málaga

Málaga er ein by som ligg i Spania på Costa del Sol. Málaga er den femte største byen i Spania. Næringkjeda kjem i hovudsak frå landbruk og turisme. Kunstnaren Pablo Picasso kjem frå denne byen.

Lillehammer

Lillehammer er ein by og kommune i Oppland i Noreg. I 1994 vart det arrangert OL der. Lillehammer er den 24. største byen i Noreg.

Norske skular i utlandet

Det er registrert ni norske skular i utlandet. Den Norske skole i Málaga er ein privatskule.

I skuleåret 2017-18 var det registrert 748 elevar som gjekk på ein norsk skule i utlandet.

LES FAKTALUKK FAKTA

Filip stortrivst, men sjølv om han har det bra i Spania lengtar han av og til heim igjen.

–  Det eg saknar mest frå Lillehammer er alle vennane mine som budde like i nærleiken. Her i Spania må eg bli køyrd dersom eg skal på besøk.

–  Og så saknar eg Freia mjølkejokolade. Her i Spania er det mykje vingummi og karamellar. Norsk godteri er best.

Samansveisa skule

BUR I SPANIA: Filip bur i Spania saman med mor si. Der går han på Den Norske Skole i Malaga.

I klassen er det flest nordmenn, men mange av elevane har røter frå forskjellige land. Så det er ganske internasjonalt, sjølv om det er ein norsk skule.

Filip har tre timar spansk i veka, og har lært seg litt. Han forstår mykje, og klarar å kommunisere med enkle setningar.

–  Eg synest timane her i Spania er kjekkare enn i Noreg. Vi lærer på så mange forskjellige måtar. Alle har iPad, så vi brukar nettbrettet mykje i undervisninga.

Det beste med skulen er kor godt kjende dei blir med alle på skulen. På tvers av klassene.

–  Her leikar vi saman med alle. Frå 1.-10. klasse. Slik er det ikkje i Noreg. Det synest eg er veldig bra med skulen her.

Varm mat i kantina

I kantina sit dei også blanda. Då er 1.-7. trinn blanda på borda, og så er det kvar si veke å vere bordsjef med å vaske og fikse vatn.

–  Og så er det digg, varm mat som Silja og Dori lagar. Det er så kjedeleg med tørr og kjedeleg matpakke. Her får vi god og variert mat. Det er ganske mykje betre med varm mat enn matpakka, spør du meg.

Prøvespelte på fotballag

FOTBALLSPELAR: Filip spelar, som einaste nordmann på eit spansk privatlag.

På fritida gjer han som dei fleste andre. Spelar Fifa, Fortnite og heng med venner. Men det han likar aller best er å spele fotball.

Han spelar på eit privat, spansk fotballag der han fyrst måtte prøvespele på fem treningar og ein kamp før han fekk vite om han fekk plass. Det gjorde han. Men han har fleire kompisar som ikkje gjorde det.

– Det beste med å vere i Spania er at eg får gå på eit fotballag som tek det på alvor. Draumen min er å spele på Barça U15, seier Filip.