– Vi er glad vi har fått vennebenken

Du kikar rundt deg. Du har ingen å leike med i friminuttet. Kva gjer du?

Elevrådet på Skånevik skule bestemte seg for at ein vennebenk kunne hjelpe dei som kjenner seg åleine i friminutta. For alle kjenner på den kjensla av og til.

– På vennebenken kan dei som treng nokon å leike med setje seg, slik at andre kan invitere dei med i leiken, fortel rektor ved skulen Anne Lise Huneide.

Vennemaskin

  1. klasse på Skånevik skule har brukt benken ei stund.

– Viss nokon set seg på vennebenken, kan andre spørre om dei vil leike, fortel Marta Majer (7).

– Ja, viss nokon er åleine kan dei berre setje seg på benken, så kjem nokon bort, seier Anna Garvik Arefjord (7).

– Det er som ein vennemaskin vi kan bruke, ler Jonas Lygre (7).

– Vi kan bruke den i friminutta og når vi har trivselsleikar på skulen, seier Joakim Moe Tungesvik (7).

Ser godt etter

Men ein ting som er viktig å tenkje på er: Korleis sørgje for at ingen vert sitjande der åleine, utan at nokon kjem bort? I Skånevik har dei snakka om at dei må sjekke om det sit nokon på benken.

– Vi kikar ofte bort – slik at ingen blir sitjande utan at nokon kjem, fortel Milla Holmedal Åsheim (7).

– Ja, vi går bort uansett om det er nokon vi kjenner eller ikkje. Ein gong eg sat på benken kom ein som heiter Vegard bort for å spørre om eg ville vera med på trivselsleikane, fortel Milla.

– Det var faktisk nokon frå 6. klasse som kom då eg sat der. Eg kjente dei ikkje frå før, fortel Marta.

Ho synest det var kjekt å få nye vener i 6. klasse.

– Viss nokon ikkje kjem bort når ein sit der, kan ein berre reise seg opp for å gå bort til nokon som leikar, og spørre om å få bli med. Det går fint det óg, seier Anna.

God idé

– Syster mi, Lineah, var ein av dei som kom på at vi skulle ha ein vennebenk på skulen, fortel Leander Funderud (7).

Idéen kom opp i elevrådet og dei som har arbeidslivsfag på ungdomsskulen laga ein gammal benk om til å bli ny.

– Det er flott at vi har ein vennebenk, seier Jonas.