Desse grønsakene er dei sunnaste

Her er dei fem grønsakene ernæringsekspertar meiner er dei aller sunnaste.

Kvart år puttar kvar nordmann i seg omkring 80 kilo grønsaker, syner tal frå Helsedirektoratet. Men sjølv om vi blir stadig flinkare til å ete grønt, så er det berre 1 av 5 som får i seg så mykje som helsestyremaktene tilrår.

– Hovudgrunnen til å ete grønsaker er at det er veldig førebyggande mot sjukdom, seier Henriette Øien, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, til NRK.

Men kva grønsaker er dei aller sunnaste?

Det har NRK Forbrukerinspektørene spurt nokre av våre aller fremste spesialistar innan ernæring om.

KÅL:

FOTO: Pixabay

Kål er noko av det sunnaste vi kan ete, og kvar og ein av dei har ulike eigenskapar.

– Grønkål peiker seg kanskje ut som den aller sunnaste kålen. Den er mest næringstett og har høgast innhald av vitamin og mineral, seier ernæringsfysiolog Lise Von Krogh.

LAUK:

FOTO: Pixabay

Lauken kan få oss til å grine, men det er det nok verdt. Denne grønsaka har nemleg gode førebyggande eigenskapar. Spesielt gjeld dette kvitlauk.

 

GRØN SALAT:

FOTO: Pixabay

Her kan man fråtse i alt ifrå vanlege salatar til spinat, og fordelane er mange. Grøn salat er ei kjelde til vitamin K, C, folat og mineralet kalium, samt sunne plantestoff og antioksidantar.

 

GULROT:

FOTO: Pixabay

Oransje grønsaker er veldig rike på betakaroten som ein viktig antioksidant. I tillegg er den rik på kostfiber og ei kjelde til kalium og vitamin A.

(Kjelde: NRK Forbrukerinspektørene)