Helsesista får eigen TV-serie

Mange kjenner Helsesista på Snapchat, snart kan endå fleire bli kjent med henne på TV-skjermen.

I eitt år har Tale Krohn Engvik vore helsesyster på Snapchat med namnet Helsesista. Der hjelp ho ungdommar og svarar på spørsmål om blant anna pubertet, seksualitet og identitet. No blir ho å sjå i sin heilt eigen TV-serie.

Førebels har ho ikkje lov å fortelje så mykje om kva som skal skje i serien, men skal vi tru det vi ser av Helsesista på Snapchat, blir det kanskje kunnskap og alvor pakka inn i humor, latter og smil.

Nyheita slapp ho først til sine 40.000 følgjarar på Snapchat.

Det er framleis hemmeleg kva for kanal TV-serien kjem på, men det er ikkje mange dagar til dei kan dele det med offentlegheita, seier manager og syster til Tale, Tuva Krohn Pedersen.