Ni av ti 10-åringar har smarttelefon

I 2016 hadde 67 prosent av barn frå ni til elleve år eigen smarttelefon. I 2018 er det heile 87 prosent. Vi har snakka med Peder (11), Tobias (11) og Terje (11) om deira mobilvanar.

Rundt halvparten seier dei brukar to timar eller meir på mobilen dagleg. Dette kjem fram i ei ny undersøking Medietilsynet har gjort.

 

Peder Sævareid (11)

FOTO: Janne Nerheim

Har du mobil?

– På bursdagen min for to år sidan fekk eg mobil.

Kor gamal bør ein vere for å eige sin eigen mobil?

– Det var i grunn greitt når eg fekk den.

Kva er fordelen med mobil?

– Det er fint fordi eg kan ringe foreldra mine når eg skal heim frå fotball, og det er praktisk når eg skal sjekke klokka. Eg brukar mobilen til YouTube.

Er det ulemper med mobil?

– Eg kan tenke meg det kan vera dumt for andre om dei har sosiale medier på telefonen. Då kan nokon bli mobba. Eg har berre Snapchat, men har kun vener og familie der.

 

Tobias Johansen (11)

FOTO: Janne Nerheim

Har du mobil?

– Mobil fekk eg då eg gjekk i 4. klasse. Trur eg var ni år. Og eg kjøpte den sjølv.

Kor gamal bør ein vere for å eige sin eigen mobil?

– I 3. klasse. Då trur eg vi er store nok til å skjønne kva ein skal med ein mobil. Eg brukar min til å ringe, sende sms, og Snapchat.

Kva er fordelen med mobil?

– Du slepp å gå til folk for å sjekk om dei er heime, eg kan jo berre ringe for å spørre om dei vil komme ut for å leike. Alle venene mine har telefon også. Eg høyrer også på musikk på telefonen.

Er det ulemper med mobil?

– Det er kjipt viss du ikkje finn den. Ein gong mista eg min i vatnet, og då måtte eg hente den opp att. Men den verka likevel! Det er irriterande om ein går tom for straum.

 

Terje Langhelle (11)

FOTO: Janne Nerheim

Har du mobil?

– Eg gjekk vel i 2. klasse då eg fekk mobil eg kunne ringe med.

Kor gamal bør ein vere for å eige sin eigen mobil?

– Eg syns eg fekk litt tidleg eigentleg. Eg maste meg til det.

Kva er fordelen med mobil?

– Du kan kontakte vener, spørre om dei blir med for å spele fotball. Så brukar eg min til mobilspel, Snapchat, SMS, og YouTube.

Er det ulemper med mobil?

– Ein gong sykla eg med ein gymbag som var litt for stor. Den kom borti dekket, og mobilen ramla ut slik at den knuste. Då måtte eg spare til ny.